Ta med båten til Målrock 2019

 

Meierihopen Gjestehamn, Årdalstangen

 

Årdal Sjøfront AS opna i 2018 Meierihopen Gjestehamn, eit topp moderne anlegg berre få meter frå Meieriparken og festivalområdet til Målrock .

Gjestehamna er bygd opp inne i eit sentrumsnært hamneanlegg, som med 60m flytebrygger har vorte mykje meir besøksvenleg enn tidlegare. På flytebryggene er det tilgang til straumuttak og vassforsyning. Gjestebåtar er velkomne til å fortøya til flytebryggene, eller til landfeste, og det er prinsippet «fyrstemann til mølla» som gjeld. Kontakt resepsjonen ved Klingenberg Hotel ved åtkomst.

Størrelsen på hamneanlegget er ca. 60m med flytebrygger og ca. 30m bredde til pir som skjermar mot Sognefjorden. Når det gjeld vasstand er det ved middel vasstand ca. 4m til botn og ved fjæresjø vil det minst vera ca. 2,75m til botn.

Døgnpris er på NOK 150,- som gjev deg rett til å fortøya båten til anlegget, straum og ferskvatn. I tillegg vil ein kunna nytta dusj og toalettanlegg på Klingenberg hotell, som ligg om lag 25m frå hamna. Betaling enten i resepsjonen på Klingenberg Hotel, via bank 3730.05.09224 eller VIPPS #523852 til Årdal Sjøfront AS.

 

Årdalstangen har elles eit butikkmiljø i sentrum som omhandla daglegvare, sportsutstyr, røyrleggar verksemd og bank (minibank) i tillegg til kafé og restauranttilbod på Klingenberg Hotel.

Vidare er Årdalstangen eit ypparleg utgangspunkt for turar og besøk i området. Me kan nemna «Ne fø sjøen» i Offerdalen, Vettisriket, Tindevegen etc. og turprogrammet på Målrock 2019.

Årdal Sjøfront vonar at omgjevnadane og fasilitetar fell i smak, og at våre gjester får eit triveleg opphald under Målrock 2019.

 

For meir info sjekk ut:

Årdal Sjøfront AS på Facebook