STAUT – eit makalaust band!

Fantastiske STAUT!

Med kombinasjon av fengande melodiar, sterke og gode tekstar, særs dyktige musikarar og ikkje minst eit valdsamt driv og energi på scena, har gjengen frå Valdres vakse seg opp til å bli ein av dei absolutt leiande i sin sjanger.

Staut har både gullplater og fyrsteplass på albumlista å vise til, samt ein fleire år lang turnélista og eit antall konsertar som få andre band i Norge kan matche. Det har våre store og profilerte TV-opptredenar, ei solid rekke radiolistingar, og ikkje minst: kvalitet heile vegen.

Slik var det også i 2017. Staut starta opp året med eit smell og slapp si femte plate på sju år den 6. januar, og det nok ein gong til strålande kritikkar. Aftenposten og Dagbladet var sjeldant samstemte då dei kasta terningane til femmarar og di begge kalla albumet for «Feiande flott folkrock». Sekstetten brukte resten av 2017 på å reise rundt og spele for fulle hus i kjent energisk drakt. 2018 vart mykje det same, men mykje av tida gjekk med til nytt låtmateriale. Staut slapp i 2019 albumet «Makalaus», produsert av årdølen Alf Magne Hillestad, ei plate som har fått fantastiske anmeldingar

 

STAUT består av: Ørnulf Juvkam Dyve (piano,trekkspill,kor), Gaute Lein Ausrød (gitar,vokal), Torgeir Bolstad (kontrabass/kor), Asle Tronrud (fele/kor), Dag Arve Sandnes (gitar) og Frode Flatland (trommer/kor).

STAUT er i storform, bli med på festen, ta turen til årets Målrock – Dette blir kanonbra!

 

Billettar kan de kjøpe her!

 

www.staut.no

www.facebook.com/stautband/

www.instagram.com/stautmusikk/