Yung Wigz, Haglunden og King Teigen klar for Målrock!

By 26. juli 2019Målrock 2019, Nyhende

Urban bygderap med Yung Wigz, Haglunden og King Teigen! 

Dei lokale rapparane Yung Wigz, Haglunden og King Teigen har det siste året laga eigen musikk på både nynorsk og engelsk. Songar som «Prata Drit» og «Fardalen» har den siste tida blitt populære blant dei unge i bygda. Yung Wigz, Haglunden og King Teigen har framført på lokalfestar i Øvre til stor suksess, og no er dei klare for å laga show på Målrock. Artistane sjølve seier at dei begynte med musikk berre for gøy, men er meir enn klare for å opptre på årets festival.

 

Festivalsjef Thomas Norheim Moen har dette å seia: Me har merka oss at det er eit groande miljø for rap i Årdal og ser at Yung Wigz og gjengen har ein stor fanskare, blant små og store. Så det skal bli kult å sjå korleis dei taklar å opptre på ei stor scene. Litt av vårt formål er å fremje nye artistar, så det er i vår ånd å la lokale opptre på scena vår.

Eit lite hinder i løypa er at Haglunden må få fri frå nattskiftet denne kvelden – men det vonar me vil ordne seg.

Sjekk ut Yung Wigz på Spotify!