Stilige Dann – Amerikansk perfeksjon på nynorsk

Amerikansk perfeksjon på nynorsk – med Stilige Dann

Øyvind Lægreid, mannen bak «Eagles på nynorsk» har no tromma saman eit nytt tributeband, til æra for den amerikanske gruppa Steely Dan. «Stilige Dann» er namnet og alle tekstar er sjølvsagt på nynorsk. Ideen var å setja nynorske/dialekttekstar til nokre av Steely Dan sine mest kjende låtar.

Steely Dan vart etablert i 1972 av Donald Fagan og Walter Becker. Jazz, fusion, rock, funk og pop stod på repertoaret til gruppa som var kjend for å vera perfeksjonistar i alle musikalske samanhengar.

Stilige Dann kom til verda våren 2018, med ei salig blanding av velvaksne musikarar og dei pur unge vokalistane Beatrice Juskaite og Anna Jevnaker Asperheim. Jamvel har dei med seg ei herleg blåserekkje, alle med lang fartstid i Sogndal Storband.

Den store debuten kom under årets Balejazz der Stilige Dann verkeleg satte sitt preg på festivalen. Godorda hagla etter konserten, som vonar om ei særs spanande konsertoppleving for dei som tek turen til Målrock 2019.

Bandet består av:

Odd Tore Moen, vokal

Hans Jørgen Røneid, gitar

Odd Sigmund Høl, gitar

Arnt Kjell Ellingsen, tangentar

Gunstein Røneid, bass

Øyvind Lægreid, trommer

Terje Svori, perkusjon

Beatrice Juskaite, vokal, gitar og kor

Anna Jevnaker Asperheim, vokal

Paal Fosdal, trombone

Gunvor Lidal, trompet

Roar Sandnes, saksofon

Det ligg an til ei herleg konsertoppleving med Stilige Dann på Målrock 2019!

Målrock 2019:

The September When // Sondre Justad // STAUT // Trang Fødsel // Vestlandsfanden // Kaia Höl

Olav Stedje // Howlin Sun» // Tyyl! // Omar Noir // Yung Wigz, Haglunden & King Teigen // Stilige Dann

 

Billettar kan de kjøpe her!