Kaia Höl – stortalentet med særeigen stil!

Kaia Höl – Årets artistbidrag frå talentfabrikken Hugin Musikkforum

 

Stortalentet Kaia Höl skal endeleg spele på Målrock, den særeigen og talentfulle jenta lagar indie-, elektronica- og dream pop inspirert musikk. Kaia har opplevd stor merksemd i bransjen og har nylig inngått platekontrakt, og er dermed eit naturleg val til Målrock 2019.

Årdalsjenta er ein sjølvlært songskrivar og produsent. Allereie som 12-åring starta Kaia å produsere sin eigen musikk, og har vore svært aktiv sidan dette. Musikken hennar går under kategoriane indie, electronic og dream pop.

Me gledar oss stort til å høyre Kaia Höl framføra dei flotte låtane sine i Meieriparken, med fløyelsmjuk røyst og innebygd musikalitet av høg klasse, så ligg alt til rette for ei flott oppleving.

Hugin Musikkforum

Hugin Musikkforum er bærebjelken i musikklivet i Årdal, dei bidreg i alle kantar og baugar. Dei er ein særs viktig samarbeidspartnar som gjev støtte til Målrock mot at lokale artistar får scenetid under festivalen.

Målrock vil takke Hugin Musikkforum for alt dei bidreg med innan musikkmiljøet i Årdal, og ikkje minst samarbeidet me har inn mot Målrockfestivalen – dykk er fantastiske!

 

Målrock 2019:

The September When // Sondre Justad // STAUT // Trang Fødsel // Vestlandsfanden // Kaia Höl // Olav Stedje // Howlin Sun» // Tyyl! // Omar Noir // Yung Wigz, Haglunden & King Teigen // Stilige Dann

 

Billettar kan de kjøpe her!