Howlin Sun – Endeleg eit nytt rockeband frå Bergen

 

Howlin Sunbreibeint rock!

Dette er eit herlig rockeband som er kjent for rå og frekke liveshow, der elementar frå den britiske 60-talls bluesen er blanda med det beste frå gitardreven rock. Howlin’ Sun sitt debutalbum kom ut i februar 2018 og har hausta strålande kritikk frå europeiske musikkritikarar.

Vokalist Tor Erik har den unike klangen som kun rockelegendar frå den gyldne tida for rock’n roll hadde, noko som har vore ei mangelvare i Norge dei siste åra. Når du krydrar det heile med fete riff og enorme gitarsoloar så kan rockegenerasjonen forbereda seg til ei heftig konsertoppleving med Howlin’ Sun i Meieriparken laurdag 10. august.

Er du klar for breibeint rock med alle dei herlege rockeklisjeane tilstades?

Målrock 2019:

The September When // Sondre Justad // STAUT // Trang Fødsel // Vestlandsfanden // Kaia Höl // Olav Stedje // Howlin Sun» // Tyyl! // Omar Noir // Yung Wigz, Haglunden & King Teigen // Stilige Dann

Billettar kan de kjøpe her!

https://open.spotify.com/track/4DnVdUezpTeNJJeWTxRDMp?si=2qHeNESCSuqOlH7ol25X_Q