Olav Stedje – Trivselfylket si fyrste og største popstjerna!

Olav Stedje – snurrar stadig på barten!

Den aller fyrste og største popstjerna frå Sogn og Fjordane er Olav Stedje. Sogndølen har alltid vore trivselfylket sitt store musikkalibi, noko han eigentleg er enda, for kor enn han dreg så kjem publikum trufast på konsertane. Med låtar som «Silje», «Ein Nordmann Sin Draum», «Vi Vandrar Saman» og sjølvsagt «Stao No Pao» så kjem dette til å bli eit nydeleg møte med Olav Stedje som endeleg er attende på Målrock.

Sogndølen er ein norsk songar og låtskrivar, kjent fra ei rekkje albumutgjevingar, seks sylvplater og deltaking i Melodi Grand Prix i 1983, 1985 og 1987.

Med den mest kjende røysta i Sogn har Olav Stedje vandra saman med eit trufast publikum i snart fire tiår. Røysta openberte seg alt då han var sju og og song på juletrefest i speideren. I ungdomstida song og spela han gitar i bandet Compact. Barten kom først i 1977, og har vore eit fast kjenneteikn sidan gjennom karrieren.

Olav var plagsamt sjenert på scena i starten av karriera, og han er framleis ikkje nokon «sjå på meg»-kar, som samarbeidspartneren Finn Tokvam seier. Men no er scena ein av dei stadene han likar best å vere, og den gode stemninga smittar over på publikum. Ein konsert med Olav Stedje er ei triveleg stund.

Bli med på dette utruleg møtet med trivselfylket si største popstjerne – ein konsert som skal bore seg inn i sjela til einkvar.

 

 

Målrock 2019:

The September When // Sondre Justad // STAUT // Trang Fødsel // Vestlandsfanden // Kaia Höl // Olav Stedje // Howlin Sun» // Tyyl! // Omar Noir // Yung Wigz, Haglunden & King Teigen // Stilige Dann

Billettar kan de kjøpe her!