Omar Noir – aka Blvck O

 

Omar Noir aka Blvck O

Omar Noir, tidligare kjent som Blvck O, er ein bergensrappar som stadig aukar i popularitet i hip/hop miljøet. Omar har varma opp for artistar som «The Game», «Unge Ferrari» og «Skepta». Omar rappar på både norsk og engelsk, sangen «The Plot» har passert 700 000 avspelingar på Spotify. Medan Omar har jobba med å produsere sin eigen musikk på norsk og engelsk har han samarbeida med blant anna artistar som giganten «Alan Walker».

Omar Noir, aka Blvck O fra Bergen har vore aktiv innan den norske hiphop-scena frå han fylte 15 år og begynte å skriva låtar og laga mixtapes. Han har gjett ut ei lang rekkje singlar og 7-spors albumet «The Plot» og er stadig aktuell som bidragsytar i diverse andre prosjekt (som blant anna Gatekunst), og som gjesteartist (som for The Main Level). Siste single ute frå Omar er «Pogba» – sjekk den ut folkens!

Målrock ynskje å visa fram dei «ferskaste» hiphop-artistane som Norge har å by på, for denne bransjen bevegar seg fort og det er stadig nye banebrytande artistar som veks fram – Omar Noir er så absolutt ein av dei mest spanande artistane som hiphop-Norge har å by på – bli med å opplev dette unge fenomenet!

Målrock 2019:

The September When // Sondre Justad // STAUT // Trang Fødsel // Vestlandsfanden // Kaia Höl // Olav Stedje // Howlin Sun» // Tyyl! // Omar Noir // Yung Wigz, Haglunden & King Teigen // Stilige Dann

Billettar kan de kjøpe her!