Sondre Justad – Den aller beste artisten!

 

Sondre Justad – Riv oss i hjartet

Denne karen er Norges desidert største norsksyngande popartist. Debutalbumet «Riv i Hjertet» låg over eit halvanna år på VG-lista og låtane fekk over 30 millionar streams. Sondre Justad har fått ein heil ungdomsgenerasjon til å syngja med på dei fantastiske konsertane sine, og han har eit stadig voksande pubklikum i alle aldrar.

Sist gong Justad besøkte Målrock var han ung, lovande og for mange ukjent, men etter den konserten har alle inkludert Målrockpublikummet fått augene opp for denne fantastiske liveartisten. I 2016 kom Sondre Justad, bandet og alt utstyret til Målrock i ein liten minivan, dei bar jamvel alt utstyret sjølve. I år kjem Sondre Justad og kompani med nightliner og trailera, her snakkar me storproduksjon når Sondre entrar scena i Meieriparken.

Blir sikkert godt med eit bad etter konserten, noko som Sondre Justad plar gjere (før eller) etter alle konsertar. Årdal byr på to utebasseng, Sognefjorden og Øvstetunhølen – her skal det bades. Men stige må han ta med seg sjølv, og i år skal han halde seg skikkelig fast – fordi i fjor var han uheldig å datt ned fra stigen midt ute blant publikum under ein av konsertane. Me gler oss til konsert med Sondre Justad!

No kjem han endeleg tilbake til Målrock og er klar til å gje Målrockarar ei enorm konsertoppleving som garantert vil «Riva i Hjartet»!

 

Målrock 2019:

The September When // Sondre Justad // STAUT // Trang Fødsel // Vestlandsfanden // Kaia Höl // Olav Stedje // Howlin Sun» // Tyyl! // Omar Noir // Yung Wigz, Haglunden & King Teigen // Stilige Dann

Billettar kan de kjøpe her!