The September When – Rockelegendane!

The September When

Det blir eit nostalgisk gjensyn med det aller største norske rockebandet på nittitallet, The September When, som slo for alvor gjennom i 1990 -91 med fantastiske «Mother I’ve been kissed». Monsterhiten «Bullet Me» bora seg inn i sjela og har levd sitt eige liv heilt fram til i dag, og vil nok holde stand i fleire år framover.

Med Morten Abel i spissen har TSW levert klassiske album som «Huggermugger», «One Eye Open» og allereie nemde«Mother I’ve Been Kissed» og satte verkelege ein ny standard for norsk rock når dei herja hitlistene her til lands. No er dei endeleg attende på vegen og legg turen innom Målrock klare for allsong til superhitar som «Bullet Me», «Can I Trust You» og «Cries Like A Baby».

I laupet av 1991 spelte bandet meir enn 100 konsertar, noko som er ganske imponerande i seg sjølv. Men det som verkeleg får kredibiliteten til å slå ut på Richtersskala er at The September When, som fyrste band nokonsinne, spelte på alle dei tre største nordiske festivalane på ei og same helg – Midtfyn-, Roskilde- og Kalvøyafestivalen.

For Årdøler med nokre gode år på baken, vil nok konsertane med TSW i Årdal vera eit minne dei ikkje ville ha vore forutan. I herrens år 1991 leverte dei faktisk to forrykande konsertar i Årdal. Den 14. Juni spelte dei på Klingenberg Hotell, og 21. September i det trauste samfunnshuset i Øvre, og mange minnast da Morten Abel kasta skjorta og viste seg som den fanstastiske fronfiguren han er. Få artistar i Norge har ein slik tilstedværelse på scena og han har aldri vore redd for å by på seg sjølv som ekte rockestjerne med eit internasjonalt snitt over seg.

Det skal bli aldeles strålande å få The September When med Morten Abel i spissen attende til Årdal og endeleg på Målrock. Gjer dykk klare til eit arsenal av fete rockelåtar frå det gode 90-tal.

 

Målrock 2019:The September When // Sondre Justad // STAUT // Trang Fødsel // Vestlandsfanden // Kaia Höl // Olav Stedje // Howlin Sun» // Tyyl! // Omar Noir // Yung Wigz, Haglunden & King Teigen // Stilige Dann

Billettar kan de kjøpe her!