Målrock treng deg!

By 26. desember 2019Nyhende
Målrock har sidan 2003 vore den kjekkaste festivalen og sommarens store høgdepunkt i Årdal – der Sognefjorden går på land.

No treng me nye krefter til å ta Målrock mot nye høgder og mange kjekke opplevingar for vårt trufaste publikum, då nokre av dei gamle travarane trer til side for at andre kan forme framtidas Målrock.

Har du eit hjarte for musikk og festivalmoro, har du gode idèar for å forme framtidas Målrock – då vil me meir enn gjerne ha deg med på laget.

For oss i stiftinga er Målrock noko veldig spesielt, det handlar om samhald, det handlar om engasjement, det handlar om å skape liv og røre og det handlar om bygda si store stoltheit. At me, som jobbar med dette skal sjå resultatet av fleire frivillige årsverk bli til verkelegheit. Det er rørande å sjå at publikum møter opp, år etter år i sidan 2003.

«Planlegginga av 2020-festivalen er dessverre på etterskot på grunn av desse faktorane, men det er enno fullt mogleg å skape ein fantastisk festival også i 2020 dersom vi får inn nokre krefter som har lyst å bidra,» seier styreleiar i Målrock, Katrine C. Fredheim.

Årdal har bygd opp ein råsterk festival over lengre tid. Det er faktisk ein av Noregs lengstlevande festivalar, og det har me kun publikum å takka. Har du lyst til å bidra til vekst, samhald og liv i bygda, bli med på laget – Målrock treng deg!

#moropåmålrock #årdal #meirenndutrur

Kontaktperson: Leiar i Stiftinga Målrock: Katrine Clausen Fredheim, tlf 995 20 683, katrine@malrock.no