MÅLROCK 2020!

By 4. mars 2020Nyhende

Endeleg kan me annonsera at det blir Målrock 2020 i Meieriparken 7-8. august. Sjekk ut dei to første artistane:

Etter mykje undring i bygda, kan me endeleg annonsere at det blir arrangert Målrock 2020 i Meieriparken 7-8. august. Me beheld ein del av bærebjelkane i gruppa, i tillegg til nokre nye tilskot.

Det blei etterlyst støttespelarar frå bygda, og fleire melde si interesse, blant anna:

Erlend Hunshammer Moen og Sander Bjørkum Øvstetun innanfor marknadsføring og Jenny Holsæter som er bookingansvarleg.

Me forsøker å gjera alle mest mogleg nøgde med årets program, og kan allereie røpa at Dagny og Arif er dei to første artistane for festivalen. Utover våren vil me sleppa fleire kjende artistar, som me både trur og håpar fell i smak hjå dei fleste.

Sjølv om dette har tatt tid, så er me no godt i gong med å gi dykk ein strålande avslutning på festivalsommaren i Årdal. Me jobbar med å få i gong billettsalet snarast mogleg, og vonar at dette går strålande.

Årets nye festivalsjef er Geir Kjetil Øvstetun. Han seier at med så mange gode støttespelarar i ryggen, så kjem dette til å gå strålande. Han er også svært nøgd med dei to første artistane. Han kan også lova at det kjem fleire spanande namn i framtida. «Alle kan gleda seg til årets festival, her blir det musikk til ein kvar smak. Set av helga 7-8. august!

Dagny

Dagny kjem attende for andre gong på Målrock. Ho slo gjennom med «Backbeat» og «Fool’s Gold» frå den kritikerroste ep-en «Ultraviolet» i 2016. Ho har overbevist stort under ei rekkje konsertar og festivalar, og forsett berre å levere hit etter hit.

«Wearing Nothing» blei nominert til Spellemann i kategorien Årets låt i 2017, og «Love You Like That» var på Billboards lista over verdas beste låtar. Billboard trakk ho i tillegg fram som ein av popstjernene å følge med på i 2018.

Det er ikkje mange artistar som har lika mykje utstråling og popteft som Dagny. VG beskriv ho som «Festens midtpunkt», medan musikknyheter.no skriv at «Ho har ein tilstedeværelse på scena det er vanskeleg å matcha, og det gode humøret smittar over på resten av salen».

ARIF

Arif Salum, kjend under artistnavnet Arif og tidligare Phil T. Rich, er ein av landets ypparste representantar innan den urbane stilsjangeren. Heilt siden P3 Urørt-gjennombrotet i 2013 har Arif servert oss kritikerrost rap av høg klasse. Arif har gjort stor suksess saman med rapparen «Unge Ferrari», men har valt å turnera landet åleine det siste året.

Han har skapt seg eit unikt musikalsk landskap av varierte rap-stilar og lydbilete. Det har ført til karrieredefinerande hits som «Gal», «Alene» og «Hvem er hun» (nesten 14millionar avspelingar på Spotify). Arif er også involvert i fleire suksessfulle samarbeidsprosjekt, blant anna Mars saman med Unge Ferrari og Karpe.