ØLFESTIVAL TYA BRYGGERI – DAGSARRANGEMENT UNDER MÅLROCK LAURDAG 7.AUGUST!

By 6. juli 2021Nyhende

Tya Bryggeri skipar den fyrste ølfestivalen i Årdal si historie, og dermed ligg det an
til ein perfekt start på Målrocklaurdagen. Tya Bryggeri har invitert med seg Balder
Brygg og Lom Bryggeri til å fronte ølfestivalen, vidare ynskje ein å invitere
heimebryggarar til å delta med sine beste brygg i kåringa om det beste heimelaga
ølet.

«Me ser at publikum ynskje enda meir dagsaktivitetar på laurdagen under Målrock, så me er særs

nøgde med at Tya Bryggeri skipar ein ølfestival for å bidra til å utvide heilskapsopplevinga denne

Målrockhelga», seier Festivalsjef i Målrock, Geir Kjetil Øvstetun.

I tillegg til arrangør Tya Bryggeri, kjem Balder Brygg og Lom Bryggeri til å delta på

festivalen, der det vil bli mogleg å få smake på dei mange spanande øltypane desse tre

bryggeria har å by på. Her blir det høve til å spørje og grave om alt ein ynskje av

bryggeria, samt få omvisning i dei nye og flotte bryggerilokala til Tya Bryggeri.

«Sjølvsagt er det ekstra stas å arrangere den fyrste ølfestivalen i Årdal nokon sinne, og veldig kjekt

at Balder Brygg og Lom Bryggeri vil delta dette fyrste året», seier Arnt Erik Henjum i Tya Bryggeri.

«Det er to spanande verksemder som me i Tya Bryggeri har hatt god kontakt med. Så håpar me at

heimebryggarar vil delta i konkurransen vår med sine beste brygg, der eit ekspertpanel med

representantar frå Tya, Balder og Lom Bryggeri vil kåra det beste brygget, samt kategorivinnarar.

No er det berre til å gleda seg til ølfestival og Målrock 2021!»

Vinnaren for det beste heimebrygga ølet etter eiga oppskrift, uavhengig av kategori, vil

vere så heldig at Tya Bryggeri vil brygge ein 1000L batch av vinnaroppskrifta, der

bryggaren/bryggelauget får vere med å bidra under sjølve bryggeprosessen. Går alt etter

planen vil denne batchen bli lansert på tapp i Tya Bar under oktoberfestivalen i haust.

Kategorivinnaren går heller ikkje tomhendt heim, dei vil få ei fortent gåvepakke med

godsaker frå Tya, Balder og Lom Bryggeri.

Sjølve ølfestivalen vil foregå i teltet til Tya Bar, der teltmaestro Henrik Rønningen, vil

freiste med litt livemusik og god stemning utover dagen, samt at det er ope inn i

bryggerilokala for publikum. Ølfestivalen tek sikte på å starte klokka 14 og vare fram til

det er på tide å ta turen ned i Meieriparken for å oppleve Målrockmagien med fantastiske

artistar som Arif, Raaskinn og legendariske Gluecifer.

Samstundes denne dagen vil det foregå eit større sponsortreff/bedriftsmesse i regi av

generalsponsor Sogn Sparebank og hovedsponsor Årdal Kommune. Dette

dagsarrangementet startar opp kl 12 og varar fram til ølfestivalen startar.

Sponsortreffet/bedriftsmessa vil by på eit breidt spekter av kva den fantastisk

teknologibygda Årdal har å by på. Bur du ikkje i Årdal, så vil du mest truleg flytte hit etter

dette arrangementet. Detaljert program kjem snart.

Påmelding til heimebryggarkonkurransen:

Send e-post til: aeh@tya-bryggeri.no

Påmeldingsfrist: 1. august (fyrst til mølla, begrensa antal)

Informer om øltype og fortel kort om brygget og oppskrifta (malt, humle, gjær, anna) så

vil de bli kontakta av Arnt Erik Henjum.

2 flasker av brygget skal halde til ekspertpanelet.

Kategori 1: Lys (Blond Ale, Pale Ale, India Pale Ale o.l)

Kategori 2: Mørk (Stout, Porter, Brown Ale Quadrupel o.l)

Kategori 3: Spesial (Lager, Sour Ale, Wheat Beer, Fruit Beer o.l)

Detaljert program for ølfestivalen kjem i juli månad, der naudsam informasjon blir

tilgjengelig, inkludert billettprisar med meir.

Målrock 2021 går av stabelen i Årdal 6 -7. august, med fantastiske artistar som Gluecifer, Dagny,

Arif, Daniel Kvammen, Raaskinn og Halva priset. Billettar til Målrock kan ein sikre seg her:

WWW.MALROCK.NO/BILLETTAR

For meir informasjon om Målrock, sjå Målrock: http://www.malrock.no  

Kontaktpersonar: 

Festivalsjef: Geir Kjetil Øvstetun, tlf. 906 94 334 eller geir.kjetil.ovstetun@vlfk.no 

Billettinfo Målrock: Katrine Clausen Fredheim, tlf. 995 20 683 eller katrine@malrock.no