Praktisk informasjon Målrock 2021

By 3. august 2021Nyhende

Ver vennleg og les informasjonen under nøye. Dersom du ikkje skal nytte billetten din til årets festival sjølv må du informere dei som har din billett. Denne informasjonen er sendt ut til alle registrerte billettkjøparar pr. 3. august. Den blir og publisert på www.malrock.no.

KORONASERTIFIKAT

Det er krav om gyldig koronasertifikat for å kome inn på Målrock.

Det er fire måtar du kan få gyldig koronasertifikat:

  1. Du er fullvaksinert
  2. Du har fått første vaksinedose for minimum 3 veker sidan
  3. Du er immun etter å ha hatt Covid-19 i løpet av de siste 6 månadane.
  4. Du har tatt ein hurtigtest, med negativt resultat, som ikkje er eldre enn 24 timar.

Når du som publikum skal inn på festivalen må du logge deg inn på Helsenorge-appen, der ditt koronasertifikat er tilgjengeleg for skanning. (Logg på med Bank-ID). Merk at du og må ta med gyldig ID til kontroll av koronasertifikatet. Sjekk at appen fungerer innan du kjem, og gjerne allereie no i dag. Dei utan smartphone eller anledning for å bruke appen, må ha med utskrift av koronasertifikatet.

Meir informasjon om koronasertifikatet finn de her;Om koronasertifikat – helsenorge.no

HURTIGTEST

Hurtigtest under målrock er gratis. MedicSør vil stå for gjennomføringa. All testing i regi av Målrock vil finne stad på Årdalstangen, i dei tidelgare lokala til Mix-kiosken (Statsråd Evensensveg 5.) Tinging av hurtigtest vil skje elektronisk, her: https://helserespons.no/timebok/codeword/medicsor/

MERK: Koronasertifikatet vil bli sjekka kvar gang ein skal inn på festivalområdet.

Har du til dømes tatt hurtigtest fredag klokka 15.00, så er denne gyldig fram til laurdag klokka 15.00 (gyldig i kun 24 timar). Ein med festivalpass (som og avhenger av hurtigtest) vil i dette tilfellet altså måtte ta ein ny test i løpet av laurdagen for å kome inn på festivalområdet.

SMITTESTOPP-APPEN

Me oppmodar alle som vitjar målrock om å laste ned og aktivere Smittestoppappen . Denne kan du laste ned gjennom App-store for iPhone og Google Play om du har Android-telefon.

ANNAN PRAKTISK INFO

Smittevern:

Festivalen blir gjennomført med redusert kapasitet og i tett samarbeid med kommuneoverlegen i Årdal. Alle gjeldande smittevernreglar er ivaretatt. Vi ber om at du sjølv tek ansvar for å følgje dei grunnleggjande reglande: Vask hendene, hald avstand og bli heime om du er sjuk. Målrock legg til rette for at alle reglar kan følgjast, men du som gjest må og bidra etter beste evne. 

Billettar

Det er framleis nokre ledige billettar til festivalen. Desse kan kjøpast via https://malrock.ticketco.events/no/nb/e/maalrock_2021

Program

Portane opnar kvar kveld kl 19:00. Første artist går på scena kl 20:00, og portane stenger 00:30 kvar kveld. Merk at vi i år skal kontrollere både billettar og koronasertifikat ved inngongen, så ver ute i god tid, ha billett/sertifikat klart og hald avstand!

Festivalbuss

Det går festivalbuss til og frå Svalheim under festivalen. Bussen har avgang kl. 18:20 frå Svalheim og 18:30 frå Farnes begge kveldar. Returbuss går i skyttel frå 00:15 til det ikkje er fleire på busstoppet. Det vil vere bussar merkt til kvar kohort – du må ta bussen knytt til din kohort både til og frå festivalen. Bussbillett for heile helga kjøper du her: https://malrock.ticketco.events/no/nb/e/maalrock_2021. Enkeltbillettar til bussen kostar kr 50,- til festivalen og 100,- på natta, og enkeltbillett kjøper du på bussen med bankkort.

Festivalbåt – Seimsdal

Det er lagt opp til å følgje ordinære rutetider for båten som går til og frå Seimsdal. Det vert dessverre ikkje fri ferdsle i tunnelen på natta, men vi har lagt opp til ekstra båtavgangar slik at alle skal få høve til å komme seg heim. Siste avgang frå Årdalstangen blir 01:30.

Festivalband

Du vil få tildelt festivalband tilknytt din kohort. Dersom du ynskjer å byte om billetten din til festivalband i forkant kan dette skje torsdag 5. august frå kl. 14:00-16:30 i teltet ved Klingenberg Hotel, alternativt fredag og laurdag frå kl 19:00 til 23:30 ved inngong. Det er høve til å byte om billett til band ved begge inngongane.

Servering

Det blir bordservering av alkohol på festivalen. For å få alkoholservering må du sitte ved eit bord, og det vil gå personell rundt og ta opp bestilling. Det er ingen krav om at du må bli sittande ved bordet og nyte serveringa, men bestillinga må bli gjort ved bord.

Seld billetten din?

Du må sjølv halde styr på kven som disponerer billettar du har kjøpt, slik det blei oppgitt då du kjøpte billettane. Nokon har gitt oss beskjed og dette er endra i våre system, og inn mot festivalen vil vi endre på billettar dersom vi får beskjed om det. Send e-post til katrine@malrock.no med referansenummeret på din billett, fullt namn, e-postadresse og telefonnummer til ny brukar av billetten, så endrar vi dette i systemet.