EVA WEEL SKRAM

Eva Weel Skram til Målrock 2024!

Første artist er endeleg klar! Eva returnerar til Målrock nok ein gong, og me gler oss svært mykje! Dette er utruleg stas


Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang», og «Kom igjen», har Eva Weel Skram etablert seg som ein av dei mest folkekjære artistane her til lands. Skram har sluppet to album med norske tekstar, Finne heim fra 2018 og Sleppe tak frå 2021, som har høsta strålande kritikkar, og blitt omtalt som både «brutalt ærlig» og musikalsk modent.

«Eva Weel Skram har lenge vore ein av Norges mest distinkte popartistar. Med albumet «Sleppe tak» ligg alt til rette for at ho skal bli allemannseie», skreiv Dagsavisen i sin anmeldelse av sistnevnte album, noko som verkeleg kan seiast å ha slått til. Dei sterke låtane frå dessa to albuma har nemleg løfta Eva heilt opp i toppsjiktet av norskspråklige popartistar her til lands.

Eva har gjort det til sitt varemerke å levera fengande melodiar med sterke tekstar om temaer som ligg hennas hjarte nært, noko som har vist seg å verka både trøstande og inspirerandre for hennas stadig voksande publikum.

Året 2020 avslutta Eva på mesterleg vis, med sin første juleturné og heile 40 konsertar og

fulgte opp med bortimot 30 nye året etter – og det i ein periode prega av strenge restriksjonar for kulturarrangement landet rundt.

I 2024 vert det gode moglegheitar til å få med seg Eva og hennas musikalske kumpaner på

scener over heile landet, ein sjanse man ikkje bør la gå fra seg.

Forrige
Forrige

CHRIS HOLSTEN