PROGRAM

Programmet er med atterhald om endringar.

19.00 // Aunt Mary

20.15 // Kamelen

21.30 // Kjartan Lauritzen

23.00 // Lüt

00.30 // Gåte

 

NB! Tidene er kun førebels…

19.00 // Eva Weel Skram

20.15 // Frida Hunshammer

21.30 // Ammunition

23.00 // Dårlig Vane

00.15 // Åge Aleksandersen & Sambandet

 

NB! Tidene er kun førebels…

14:00 // Fjelljom i Blåberggruvene

 

Familiekonsert i Blåberggruvene med konseptet «Fjelljom». Få ei konsertoppleving av dei sjeldne i dei nedlagde kopargruvene 420 meter over Øvre Årdal.

Karl Seglem er klar til å bergta publikum i Blåberggruvene. Han er rekna som ein av landets fremste jazzmusikarar og speler lika godt på bukkehorn som på saksofon. Kanskje har han også nokre dikt på lur.

Solbjørg Kvålshaugen er bestyrar ved Fondsbu Turisthytte og er kjend frå NRK-serien “Fjellfolk”. Saman med Verdsmannen Thorbjørnsen har ho i ei årrekke trollbunde publikum med sterke dikt med vare tonar til.

Frå Ellen Løvhaug Harrison vert det urframføring av eigenskrivne songar, med nære tekstar og ei stemma som få kan måla seg med. Saman med lovande lokale talent skal desse gje deg ei oppleving du seint vil gløyma.

Arrangementet er familivenleg og gratis. Buss frå Årdalstangen kl 11:45, kr 50,- per person. Turlaget går ca kl 12 i samla tropp opp mot Blåberggruvene. Ta gjerne med eigen mat og drikke.