Kjøp billettar her!


Billettar kan kjøpast frå TicketCo. Ver vennleg og les nøye informasjonen under før du kjøper billett!

Festivalen vert arrangert ihht gjeldande smittevernreglar, og planlagt i tett samarbeid med kommuneoverlege og Årdal kommune. Alle skal føle seg trygge på Målrock! Noverande reglement gjer at festivalområdet er delt i 2 kohortar («FJORD» og «FJELL»), så det er viktig at du kjøper billett i samme kohort som dei du ynskjer å vere på festival med. Med omsyn til registrering og krav til smittevern vert det ikkje lagt ut dagsbilletter – berre festivalpass.

Målrock tilbyr refusjon om smittesituasjonen skulle endre seg, og får konsekvensar for årets festival. Meir informasjon knytt til smittevern og tiltak vil kome nærare festivalen, då dette avheng av tiltaksnivået når vi nærmar oss.

Vi krev at alle som har høve til det, lastar ned appen «Smittestopp» frå FHI i forkant av arrangementet og aktiverer denne. Det vil bli krav om gyldig koronapass for å komme inn på festivalen, og vi kjem til å leggje til rette for gratis hurtigtesting som gir grønt lys i koronapasset, meir informasjon om tid og stad for dette kjem nærare festivalen.
Som ansvarlig arrangør må vi vite kven som er på Målrock. Derfor må du som billettkjøpar registrere namn, mobilnummer og e-post når du kjøper billett. Dersom du kjøper billettar til fleire enn deg sjølv, må du sjølv ha oversikt over kven du kjøpte billettar til. Du må og syte for å informere dei du kjøper billett til om desse vilkåra.

Merk at alle billettar vert scanna ved inngongen, så det er viktig at strekkoden er synleg og lesbar. Programendringar kan skje. Kansellering av artistar/band og påfølgande programendringar vil ikkje medføre rett til refusjon av billetten. Kjøpte billettar vert ikkje refundert så lenge festivalen vert gjennomførd som planlagt.

Oppdatert 19. juni 2021

BUSS: Vi kjem tilbake med informasjon om busstilbod i 2021.

AKKREDITERING: Vi har svært avgrensa tal billettar tilgjengelege til årets festivalpass, og vil vere restriktive med å innvilge søknadar om akkreditering. Vi ynskjer å ha flest mogleg plassar tilgjengelege til publikum.