FRILUFTSPROGRAM 2020

Bli med Målrock på tur!

Målrock ligg lokalisert innerst i Sognefjorden, med Jotunheimen som næraste nabo. Store deler av Årdal er fjell og fjord, og det er uendelege moglegheiter for både korte og lange turar i nærområdet. Turprogrammet til Målrock skal spegle eit høve til å oppleve meir enn berre festivalen, og er i utgangspunktet berekna på at dei aller fleste skal kunne gjennomføre alle turane. Vi samarbeidar tett med lokale krefter om alle deler av festivalen, og turprogrammet er eit samarbeid mellom Målrock og Bulder & Brak. Dersom det organiserte turprogrammet ikkje fristar, byr Årdal og på ei rekke kortare turar ein utan problem kan ta på eiga hand.

 MEIR INFO KJEM