Vi har ein del faste spørsmål som går igjen. Her er nokre av dei. Finn du fortsatt ikkje svar på det du lurer på, ta kontakt med oss!

  • Gjeld ledsagerbevis på festivalen?
    • Festivalen aksepterer ledsagerbevis på alle arrangement.
  • Er det aldersgrense?
    • Festivalen har ingen aldersgrense, men born under 15 år bør følgjast av føresette. Gratis inngang torsdag-laurdag for born under 10 år.
  • Er det tilrettelagt for rørslehemma?
    • Alle arrangement er tilgjengelege for rørslehemma. Meieriparken har rampe for rullestolbrukarar og toalett på Klingenberg Hotel for desse. Kontakt vertane for hjelp. Målrock under Skåri har dessverre ikkje eige toalett for rullestolbrukarar.
  • Kven kan kjøpe festivalpass for ungdom?
    • Alle fødd i 1999 og seinare kan kjøpe ungdomsbilletten. Merk at den må kjøpast på førehand.
  • Kan eg løyse billett til berre ein konsert i Meieriparken?
    • Nei, det er ikkje mogleg av praktiske omsyn