// Camp Saltviki!

Få den fullstendige festivalfølelsen på festivalcamp! Festivalcampen ligg eit steinkast frå festivalen, i Saltviki. Plass på festivalcampen kostar kr 250,- for heile helga, fredag til søndag.

Inngang på campen krev campband som vert utlevert ved ankomst og betaling av plass. Festivalcampen har moglegheit til dusj laurdag formiddag på Tangen Skule, samt ladestasjonar for mobiltelefon.

Festivalcampen prioriterer tilreisande festivaldeltakarar, og det må vere løyst billett til ein eller fleire av festivaldagane for å få plass. Vi oppmodar alle til å kjøpe festivalbilletten på førehand, men festivalcampen har plass til alle.

Det er ikkje høve til å ta med bil inn på campområdet av tryggleiksomsyn. Det er kapasitet til nokre campingvogner.

 

Andre reglar:

Det er ikkje lov med grillar i campen av tryggleiksomsyn. Fellesgrill på området.

Døgnkontinuerleg vakthald på området, aldersgrense 18 år.

Målrock har samarbeid med Utladalen Camping, der det er nokre plassar for deg som ynskjer å sove under tak på festivalen med både hytte og gardshus som moglegheiter.

Det er og mogleg å slå opp teltet her for deg som ynskjer ein litt rolegare festivalcamp, samt plass til campingbil og -vogn.

Frå Utladalen Camping er det om lag 20 minuttar busstur til festivalområdet på Årdalstangen, og det er bussforbindelse både til og frå festivalarrangementet alle dagar.

Klingenberg Hotel – festivalhotellet. I utgangspunktet er hotellet i bruk av Målrock, men ved nokre høve kan det vere vi får frigitt nokre hotellrom til tilreisande gjester. Desse blir selde saman med festivalbillett – ferdig pakke! Følg med på våre nettsider/Facebook for informasjon om dette. Klingenberg Hotel ligg i tøffelavstand til festivalområdet i Meieriparken.

 

Sitla Hotel ligg i Øvre Årdal. Her kan det vere nokre få rom tilgjengelege under festivalen. Festivalbuss til og frå skysstasjonen i Øvre Årdal, ca 3 minutt gange frå hotellet.

Andre overnattingsstader i området:

Avdalen Gard – Avdalen

Vetti Gard – Vetti