KARI BREMNES
Nordvendt, europeisk, open, stor, personlig og melankolsk – er ord som kan knytast til Kari sin musikk. Den enorme spennvidda i konsertene hennar er ein signatur for Kari Bremnes band. Frå det lysaste til det ganske mørke og råe. Og heile tida med ei nærheit til folk og livsskjebnar. Kari har skrive songar i 35 år og gitt ut 18 soloalbum.
Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.
Målrock ynskjer Kari Bremnes velkommen tilbake til Årdal, 11 år sidan sist! Med si unike stemma og kraftfulle tilstedeværelse, vil ho garantert skape ei uforgløymeleg stemning for alle festivaldeltakarar. Det blir ein kveld fylt med musikk, nærleik og sterke kjenslar – ei oppleving du seint vil gløyma!