ALT DU TRENG Å VETA FØR ÅRETS FESTIVAL
Program:
Torsdag 06. juni:
Familiekonsert med Turbotroll, Farnes Skulemusikk og Årdal kulturskule. Meieriparken.
17:00 - 20:00. Gratis inngang, enkel servering.
Fredag 07. juni:
17:00 Dørene opnar
17:30 Målrock musikkquiz
Eva Weel Skram
RAASKINN
NIIOŇ
Staysman
Føl med i sosiale medium for detaljar kring speletider
Laurdag 08. juni:
18:00 Dørene opnar
Funhouse
Ingenting
Chris Holsten
Funky Crime (DJ-sett i teltet)
The Bruuds spelar i pausane begge dagar
Føl med i sosiale medium for detaljar kring speletider
transport:
Alle bussbillettar skal kjøpast førehand. NB! Busstidene er med atterhald om endring.
Les meir om busstider og taxi her:
Servering:
Ein kan berre nytta kort eller kontantlaust (td. telefon) for å kjøpa drikkevarer. Alt sal skjer ved hjelp av kort (cashless).
Det vert servering ved forskjellige matbodar under festivalen. Her kan ein betale med kort, vipps og kontant, alt etter kva matstasjon ein henvender seg til.
Aldersgrense:
Målrock har i utgangspunktet ingen aldersgrense, men festivalarrangementet i Meieriparken eignar seg ikkje for små born. Alle under 15 år må vere i følgje med edruelege føresette på kveldstid. Legitimasjon må førevisast ved båndpåsett for å få band med riktig farge. Alle under 18 år får eigne band som ikkje gir tilgang til å kjøpe alkohol.
Festivalcamp i Saltviki:
Flott festivalcamp i Saltviki, drifta av dei lokale idrettslaga. Her har tilreisande Målrockarar moglegheita til å overnatte i telt, bubuil eller campingvogn. Meir info
Målrockcruise:
Båttransport til og frå Målrock fredag 7. juni. Avgang frå Sogndal kl 17:00, med retur frå Årdalstangen ca kl 01:00. Båten går i retur til Kaupanger, med busstransport til Sogndal.
Båttreff:
Utforsk Sognefjorden heile vegen til endes, hopp av og delta på Målrock. Billettar får ein kjøpt på heimesida. Inkludert i prisen er straum, internett og tilgong til toalett, dusj og vaskemaskin inne på Klingenberg Hotell. Festivalbillett til Målrock må kjøpast utenom. Båtplassen gjeld fredag-søndag.