Viktig informasjon ift. koronasertifikat og hurtigtesting

Det er krav om gyldig koronasertifikat for å kome inn på Målrock. Det er fire måtar du kan få gyldig koronasertifikat:

  • Du er fullvaksinert

  • Du har fått første vaksinedose for minimum 3 veker sidan (dvs. innan 16. Juli 2021)

  • Du er immun etter å ha hatt Covid-19 i løpet av de siste 6 månadane.

  • Du har tatt ein hurtigtest, med negativt resultat, som ikkje er eldre enn 24 timar.

Sånn sjekkar ein koronasertifikatet:

Når du som publikum skal inn på festivalen må du logge deg inn på Helsenorge-appen, der ditt koronasertifikat er tilgjengeleg for skanning. (Logg på med Bank-ID). Merk at du og må ta med gyldig ID til kontroll av koronasertifikatet!

Sjekk at appen fungerer innan du kjem, og gjerne allereie no i dag

Dei utan smartphone eller anledning for å bruke appen, må ha med utskrift av koronasertifikatet.

Meir informasjon om koronasertifikatet finn de her: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/om/

Sånn tingar du gratis hurtigtest:

Hurtigtest under målrock er gratis. MedicSør vil stå for gjennomføringa. All testing i regi av målrock vil finne stad på Årdalstangen, i dei tidelgare lokala til Mix-kiosken (Statsråd Evensensveg 5.) Tinging av hurtigtest vil skje elektronisk.

TING DIN HURTIGTEST HER: https://helserespons.no/timebok/codeword/medicsor/

MERK: Koronasertifikatet vil bli sjekka kvar gang ein skal inn på festivalområdet.Har du lasta ned Smittestopp-appen? Me oppmodar alle som vitjar målrock om å laste ned og aktivere Smittestopp-appen til Helsenorge. Denne kan du laste ned gjennom App-store for iPhone og Google Play om du har Android-telefon. GJERNE SPRE ORDET

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Praktisk informasjon Målrock 2021