Hagle
Målrock gler seg stort til å få Hagle tilbake til Årdal – berre tre år sidan sist! Bandet frå Indre Østfold har på rekordtid etablert seg som ein av dei mest populære norske artistane, både på streaming og på scena. Med sin unike mix av country og rap, som skildrar rånemiljøet og bygdekulturen frå oppveksten, har Hagle blitt ein publikumslåst favoritt.
Med meir enn 150 millionar streams og utallige TV-opptredenar, inkludert eit storslått avslutningsshow på VG-lista og hyppige spelingar på radio, er det nærare umogleg å ikkje få med seg Hagle i dagens musikklandskap. Bandets særeigne lydbilete med banjo, fele, trekkspel og rap har rørt ved hjarta til folk over heile landet, og alle singlane deira har toppa listene på Spotify. Deira tidlege låtar vart plukka opp av NRK-serien *Rådebank*, og ikkje minst vart singelen «Bøgda» ein gigantisk hit, og nådde 5. plass på Spotify sin topp 50-liste.
Gled deg til ei uforgløymeleg festivaloppleving med desse storsjarmørane frå Bøgda – det blir garantert feststemning når Hagle inntar scena på Målrock!