GOLFKLUBB
Målrock er utruleg glade for å få ta imot brennheite Golfklubb for fyrste gong! Me vonar at Målrockarar i alle aldrar gler seg over at ein av Noregs mest spennande artistar tek turen til Årdal, dette blir show!
Golfklubb er kvartetten frå Asker som har herja på topplistene det siste året, blant anna med tre nr. 1-låtar. 2024 har vore eit avgjerande år for gjengen, som også har vore ein av berre to norske artistar på lista over dei 10 mest streama artistane i Noreg. Dei har på kort tid både blitt nominert til Spellemann og seld ut si første soloturné, inkludert eit show på Sentrum Scene, og har dermed kapra si plass i den norske musikkbransjen med eit nyskapande sound som foreinar festmusikk med hip hop.