RAASKINN

Grunna uventa omstendigheitar får dessverre ikkje The Dogs gjennomført konserten på årets Målrock som planlagt. Men frykt ikkje, erstattar er klar: RAASKINN tek med seg det nye albumet ned i Meieriparken, og skal gjera det dei kan best: sørga for liv og topp stemning!

RAASKINN har eksistert sidan 2010, og har sidan 2012 kun fokusert på eige materiale, sjølvskrevne låtar og lokalhistoriske tekstar. I mars månad samme år fekk bandet stor merksemd da dei publiserte musikkvideoen Årdal-Tyin: Stengd. Sangen fekk speletid på riksdekkande radio-NRK P1. 

RAASKINN skriv både musikk og tekst og har pr.dags dato eit låtmateriale på over 20 låtar. Deira mål er å fremje lokalsamfunnet dei er så glade i, samt å kunne bidra til at ungdom kjem seg inn i musikkmiljøet og opprettheld det gode samholdet og den kvaliteten me i dag har. Dei ynskjer å skape liv og røre med musikken ved å ta opp dagsaktuelle tema. Samtidig har dei det utruleg kjekt med musikken, og er ein hobby som er dei oss heile livet! 


Sjølv seier dei:

"Me er glade for at musikken vår skapar engasjement. Mange av våre låtar er nytta i TV-serien Alt for Årdal. Samtidig har våre låtar blitt brukt i marknadsføring av lokale og nasjonale verksemder, som til dømes Hydro. Det gjer oss stolte! 

No gler me oss til å stå på Målrock-scena i Juni, der me skal sørge for at publikum får ein musikalsk oppleving dei seint vil gløyme! Det er faktisk slik at debutplata vår vert slept denne dagen, på sjølvsate Målrock! Det vert utruleg stas!"

RAASKINN består av: 

Joacim Styve – Gitar, vokal og låtskriving

Thomas Norheim Moen – vokal 

Ørjan Loftheim – Gitar og vokal 

Andreas Aannevik – Keys og EDB

Frank-Runar Øren – Trommer 

Ørjan Lindborg - Bass

Forrige
Forrige

THE BRUUDS

Neste
Neste

GOLFKLUBB