Artistslepp!

Tid for artistslepp igjen! Denne gongen har me gleda over å kunna annonsera karane frå Black Debbath, og årets Hugin-artist: Marekvist! Les meir om banda her:

Black Debbath til Målrock 2023, og for eit show dette blir!

Bandet er verdsleiande leverandør av Akademisk Stonerrock, Universell Riffsynsing og Norsk Barsk Metal. Kombinasjonen tungrock, humor og politisk engasjement har gjort dei til ein kjær gjest på festival- og konsertscener landet rundt dei siste 20 åra.

Black Debbath slapp plata «Age of Kørka» september ’22, og legg ut på kørka turné, halve landet rundt. Norges barskaste rikssynsarar inntek lika godt rolla som hobby-dommedagsprofetar på sitt nye album. Ulike endetidsteikn vert belyst, og den underliggande røde tråd er som så:

“Hvordan har det seg at vi mennesker er mer utviklet og opplyste, men samtidig mer lett påvirkelige, mer forfengelige og generelt tjukkere i hue enn noen gang?”. Har vi nådd «peaksmart»? Er det på tide å reversere utviklingen? Gå tilbake til goddagmannøkseskaft? Svaret er: ja.

Dette gler me oss stort til!

Marekvist:

Me kan gledeleg annonsera årets Hugin artist, Marekvist! Dette er ein super moglegheit til å vise fram lokale artistar med røter til Hugin Musikkforum. Eit topp samarbeid, som me set stor pris på! Bandet består av 6 medlemmar, der i blant årdølen Mathias Degnepoll Øren. Meir om bandet:

På kort tid har Marekvist gjort seg bemerka i norsk undergrunn med sin fengande folkinfiserte rock. Debutalbumet Solrenning frå 2021 blei omtala av blant anna «Norway Rock Magazine» som “trolig årets beste norske debutalbum”, og våren 2023 kjem oppfølgaren Varde, eit kjærleiksbrev til norsk rock, 70s prog og folk.

Sidan albumsleppet i 2021 har Marekvist turnert seg gjennom landet, frå dei minste scenene i Kristiansand til dei største festivalscener på Midgardsblot, og har som fellesnemnar å fillerista publikum ved kvar anledning. Med to trommeslagarar, hjarteskjærende vokal og ein vegg av forvrengte gitarar og orgler byr Marekvist opp til ein intens dans der berre ein ting er sikkert; du er ikkje den sama når alt er over.

Forrige
Forrige

Musikkquiz!

Neste
Neste

To nye artistar klare for årets Målrock!