To nye artistar klare for årets Målrock!

Det er med store glede at kan annonsera dei to neste artistane for årets festival, les meir om dei her:

Halva Priset til Målrock 2023!

Med landeplaga “Den fineste Chevy'n” har Halva Priset stått for den mest streama norskspråklege låta i Norge dei siste to åra. Med sin uslepne bygderomantikk har låta blitt ein enorm radiofavoritt.

For nokre år sidan valde vokalist og låtskrivar Petter Kristiansen å pensjonera seg som artist, då under navnet Katastrofe. Det tok nokre månadar så var saknet av samfunnshus og konsertlivet blitt så stort at han samla den gamle gjengen, og sparka i gang eit nytt band: Halva Priset.

På konsert er det ein salig blanding av låtar frå Halva Priset og dei store hitane til Katastrofe. Det er gøy og ujålete. Det er eit band som elskar å spela live med ein heil haug av hits i bagasjen som publikum kan. Dette blir enormt kjekt folkens!

Michelle Ullestad

Artisten frå Bergen debuterte hausten 2019 med den vakre og personlege låta «Åpen Igjen» Michelle er eit nytt bekjentskap i den norskspråklege pop tradisjonen. Ho er usedvanleg ærleg i sine tolkingar og beskrivelsar av livets mange utfordringar.

Michelle har på̊ kort tid oppnådd mykje omtale og lovord for sin ærlege og fengande pop musikk.

Ho har tidlegare blitt kåra til Årets Urørt artist 2022 på̊ NRK P3. Singelen «Emilie» er på spelelista til både NRK P3 & P1. Under fjorårets Vill Vill Vest festival blei konserten til Michelle belønna med terningkast 6 hos Bergens Tidende.

Ho er ikkje redd for å gi av seg sjølv, og er klar å treffa deg rett i hjartet på årets Målrock!


Forrige
Forrige

Artistslepp!

Neste
Neste

CC Cowboys til Målrock!