Målrock 2021 – AVLYST

Som følgje av nyoppdaga smitteutbrot i Årdal kommune, der situasjonen er vurdert til å vere uoversiktleg, er Målrock blitt pålagt av Årdal Kommune å ikkje gjennomføre helgas festival. Festivalen vert difor avlyst.

Alle som har kjøpt billett vil få sine billettar refundert. Dei som kjøpte billettar i 2020 vil bli kontakta direkte, då desse billettane ikkje kan refunderast gjennom systemet. Vår billettleverandør TicketCo tek seg av refusjon av kjøpte billettar for 2021, og du som billettkjøpar vil få tilsendt ein e-post direkte frå TicketCo der all informasjon om refusjon blir gitt. Det kan ta 10-14 dagar før denne e-posten kjem frå TicketCo, så ver tålmodig. Merk at refusjon skjer til det bankkortet som kjøpte billetten, så dersom billetten din er kjøpt utanom direkte sal frå oss må du ordne opp med den du har kjøpt av sjølv.

Det er vemodig for publikum, artistar og arrangør at me må avlysa so tett innpå arrangementet. Samstundes har me full forståing for dei avgjerdene Årdal kommune måtte ta i denne alvorlege situasjon. Me skal deppa nokre få dagar, men so skal starta arbeidet med å skapa den beste festivalen i 2022.

Snakkast

Helsing
Stiftinga Målrock

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

HAGLE & RAASKINN – KLARE FOR MÅLROCK 2022

Neste
Neste

Praktisk informasjon Målrock 2021