HAGLE & RAASKINN – KLARE FOR MÅLROCK 2022

Etter to år med festivaltørke er Målrock er i full sving med å sy saman eit heftig program for eit festivalundernært publikum.  Kva er vel betre enn å smelle til med det det mest populære country-rap bandet HAGLE og det lokale bygdabandet RAASKINN? Velkomen til festivalfest på Målrock 2022!

  

«Eg trur bygdafolket treng ein skikkelig sommarfest, og da må me levera musikk som verkeleg løftar stemninga i Meieriparken, seier konstituert Festivalsjef i Målrock, Thomas Norheim Moen. «Hagle har teke den norske festmusikksjangeren til nye høgder, og det lokale Årdalsbandet Raaskinn kjem med sine festglade låtar – og ikkje minst syng begge banda på klingande dialekt. Detta må bli moro!»


HAGLE

Det aller største fenomenet innan norsk festmusikk er den norske country-rap duoen Hagle. Musikken ber eit tydelig preg av bygdelivet og rånemiljøet frå heimstaden i Mysen, og dialekta kjem tydelig fram gjennom dei velkjente strofene «Jeg ble født til å ragge, født bak et ratt, børner i kjerra mi hver eneste natt». 

Gutta i Hagle fekk braksuksess med musikken sin gjennom den populære Rådebank tv-serien, og sidan har dei ikkje sett seg tilbake. Ein herleg kombinasjon av rap og bluegrass har sendt Hagle rett inn i sjela til det norske folk, og ikkje minst ført til tre nominasjonar til Spellemannsprisen. Kjøp deg festivalpass til Målrock 2022, og bli med Hagle på festen! 


RAASKINN

Det lokale innslaget til årets Målrockfestival er ingen ringare enn RAASKINN. Bandet har utmerka seg med fengande låtar og spenstige tekstar om livet i Årdal, spesielt den lokalsamfunnsaktuelle «Årdal-Tyin, stengt» har brent seg inn i sjela til det trufaste Årdalspublikummet. RAASKINN har fleire nye låtar klare, så her er det berre til å glede seg til god feststemning i Meieriparken.


Målrock 2022 går av stabelen i Årdal 12 -13. august, med fantastiske artistar som Gluecifer, Dagny, Hagle, Raaskinn og mange fleire. Billettar til Målrock kan ein sikre seg her: Målrock 2022 (ticketco.events)


For meir informasjon om Målrock: Målrock Festival i Årdal (malrock.no) 

Kontaktpersonar: 

Festivalsjef: Thomas Norheim Moen, tlf. 909 74 539 eller thomas@malrock.no 

Leiar i Stiftinga Målrock: Katrine Clausen Fredheim, tlf. 995 20 683 eller katrine@malrock.no 


Forrige
Forrige

HELLBILLIES OG BIGBANG ER KLARE FOR MÅLROCK 2022!

Neste
Neste

Målrock 2021 – AVLYST