Ventetida er over, her er siste artistane til årets Målrockfestival 2022!

- Me krydrar festivalen med det pirrande basarbandet Finn Erix som tek med seg legenden Olav Stedje!

- Så kjem den nye partykongen DJ Funky Crime. Han skal sørge for å toppe stemninga utover dei seine nattetimane. Detta blir utrulig moro!

Velkomen til ein forrykande festivalfest!

Meir om artistane:

FINN ERIX

Med Finn Tokvam i spissen har Finn Erix for vane å lokke fram både gapskratt, lune historier og nostalgi. Kva med Smoke on the water framført av den uslåelege kombinasjonen rytmeegg, stoveorgel og fagott? Dei har hatt konsertar på alt frå ferjekaiar til stadionar, frå Madam Felle til Grieghallen.

Av Finn-Erix sine øvrige meritter må radiohiten Hjørdis med H nemnast. Denne blei av NRK Hordaland sine lyttarar kåra til sitt års sommarslager og låg i heile 10 veker på Norsktoppen. Finn-Erix lovar deg ei hyrdestund med populærmusikk, eksotisk dans, gode historiar, mest truleg aoresal og heftig basarstemning, så ta turen til årets Målrockfestival og bli med på festen

DJ FUNKY CRIME

Årdølen bak artistnamnet DJ Funky Crime er ein allsidig kar. Mathias Hansen er ein særs habil trommis, spesialetterforskar i Oslo politidistrikt og ikkje minst er han DJ. No skal han sørge for at ivrige festivaldeltakarar får den ultimate feststemninga utover dei seine nattetimane i Meieriparken. For ein fest detta blir!

Målrock 2022 går av stabelen i Årdal 12 -13. august, med fantastiske artistar som Gluecifer, Dagny, Hellbillies, BigBang, Hagle, Raaskinn, Finn Erix og DJ Funky Crime

Forrige
Forrige

MUSIKKQUIZ - FREDAG!

Neste
Neste

HELLBILLIES OG BIGBANG ER KLARE FOR MÅLROCK 2022!