HELLBILLIES OG BIGBANG ER KLARE FOR MÅLROCK 2022!

To nye artistar er klare for årets Målrockfestival 2022.  Det største og mest folkekjære landevegsbandet Hellbillies kjem attende til Årdal, det same gjer landets tøffaste liverockarar BigBang!

  

«Me byr opp til folkefest og satsar på ein knallavslutning av sommarferien med dette artistprogrammet, seier konstituert Festivalsjef i Målrock, Thomas Norheim Moen. «Hellbillies og BigBang er noko av det største ein kan tilby av norske artistar i festivalsamanheng. Detta blir utrulig moro!»

 

HELLBILLIES

Det folkekjære bandet har farta rundt i 30 år og levera alltid varene, dei toppar framleis festivalplakatane landet over og endeleg er dei tilbake til Årdal. Hellbillies har selt over ein million plater, og stadig nye generasjonar oppdagar deira mange bidrag til den norske sangskatten. Eit nylig eksempel på dette er stjerneskuddet Emma Steinbakken, som tolka Hellbillies-klassikaren «Eg gløymer deg aldri» til NRK-suksessen Rådebank, og som toppa både radio- og strømmelister med «Jeg glemmer deg aldri» i lengre tid. Hellbillies er som alltid anført av brødrene Aslag og Lars Håvard Haugen og innehar ein energi og rutine som er ein sann fryd å oppleva. Så om du vil synga med til klassikarar som «Den finast eg veit», «Ei Krasafaren Steinbu», «20 år på vegen» og «Søvnlaus» er Målrock festivalen å besøke i år.

 

BIGBANG

For 30 år sidan la talentfulle Øystein Greni skateboardet på hylla, fann fram gitaren og la grunnlaget for eit av dei største rockeeventyra i Norge, med superbandet BigBang. Det tok derimot åtte år før dei erobra VG-lista for fyrste gong med “Girl in Oslo”, ein stor hit rett på innsida av det nye millenniet. Sidan den gong har heile ni albumutgjevelsar vore innom norges offisielle toppliste og dei fleste av dei har nådd fyrsteplassen. Bigbang og Greni har eit særs aktivt jubileumsår. Allereie på nyåret var det “Hver Gang Vi Møtes” på tv2, der Greni var ein av gjestene som utmerka seg saman med Arif, Myra, Tix, Stig Brenner (tidl. Unge Ferrari), May Britt Andersen, Bernhoft og Anna of The North. Ta turen til Målrock og opplev det energiske livebandet og syng med på tiraden av hitlåtar.

 

 

Målrock 2022 går av stabelen i Årdal 12 -13. august, med fantastiske artistar som Gluecifer, Dagny,  Hellbillies, BigBang, Hagle og Raaskinn. Billettar til Målrock kan ein sikre seg her: Målrock 2022 (ticketco.events)

 

For meir informasjon om Målrock: Målrock Festival i Årdal (malrock.no)

Kontaktpersonar: 

Festivalsjef: Thomas Norheim Moen, tlf. 909 74 539 eller thomas@malrock.no 

Leiar i Stiftinga Målrock: Katrine Clausen Fredheim, tlf. 995 20 683 eller katrine@malrock.no 

Forrige
Forrige

Ventetida er over, her er siste artistane til årets Målrockfestival 2022!

Neste
Neste

HAGLE & RAASKINN – KLARE FOR MÅLROCK 2022